Og så ligg ho der med englar i senga, hjartet i halsen, sommarfuglar i magen og demonar under huda.

For kanskje, berre kanskje, finnast det ein som kan… Ja, ein som kan. Det finnast ikkje så mange av dei. Han kan få ho til å le, han kan snakke om dei viktige tinga, han kan tulle, han kan klemme, han kan smile, han kan høyre. Han kan drikke øl og spøke, han kan ta ho med ut på dei finaste plassane, han vere ærleg, han kan prate skit. Han kan.

Kanskje han søv med englar i senga han, óg.

Men ho trur ikkje det. Ho trur han søv aleine.

Ho skulle ønske ho kunne ha bytta vekk ein engel mot han. Mot han som kan. Kanskje kan han det vansklegaste, óg. Kanskje det er han som kan det som berre ein har nesten fått til før. Kanskje. Men sikkert ikkje. Kanskje han som kan ikkje finnast. Men kanskje han. Han med den behagelege stemma, med dei sterke armane, med det snille smilet, med den gode latteren, med dei teitaste spøkane. Han som tåle det når ho er så teit som berre ho kan vere.

Kanskje han kan.

Kanskje han kan