Kategoriarkiv: Fri fantasi

Kanskje han kan

Og så ligg ho der med englar i senga, hjartet i halsen, sommarfuglar i magen og demonar under huda.

For kanskje, berre kanskje, finnast det ein som kan… Ja, ein som kan. Det finnast ikkje så mange av dei. Han kan få ho til å le, han kan snakke om dei viktige tinga, han kan tulle, han kan klemme, han kan smile, han kan høyre. Han kan drikke øl og spøke, han kan ta ho med ut på dei finaste plassane, han vere ærleg, han kan prate skit. Han kan.

Kanskje han søv med englar i senga han, óg.

Men ho trur ikkje det. Ho trur han søv aleine.

Ho skulle ønske ho kunne ha bytta vekk ein engel mot han. Mot han som kan. Kanskje kan han det vansklegaste, óg. Kanskje det er han som kan det som berre ein har nesten fått til før. Kanskje. Men sikkert ikkje. Kanskje han som kan ikkje finnast. Men kanskje han. Han med den behagelege stemma, med dei sterke armane, med det snille smilet, med den gode latteren, med dei teitaste spøkane. Han som tåle det når ho er så teit som berre ho kan vere.

Kanskje han kan.

Jeg vil.

Jeg vil at du skal komme og holde rundt meg, og stryke meg på håret, nå i natt.

Jeg vil at du skal være varm rundt meg.

Jeg vil du skal være sterk, så hard, så uovervinnelig, nesten brutal. Men så myk, så øm, så forsiktig, så god.

Jeg vil ha hånden din over hjertet mitt når jeg sover, nå i natt. Jeg vil kjenne pusten din i nakken min, nå i natt.

Og så elsker du meg sakte, før solen våkner, mens det ennå er natt.

Jeg vil ha deg hos meg, nå i natt, før morgendagen og virkeligheten gryr.

Må ein døy for å komme til helvete?

– Må ein døy for å komme til helvete?

Ho snudde seg, og såg på han. Blå auge, svart hår, raude lepper. Som snøkvit, berre med eit maskulint uttrykk og todagarsskjegg. Litt sliten, kanskje, etter ein laurdag ute og ein sundag på sofaen med filmar om englar og demonar.

Sliten av ho?

– Eg forstår at du er lei av meg. Eg hadde ikkje orka meg, eg heller.
– Hald kjeft, da. Nå er du teit.

Ekkelt. Ho var heilt sikker på at ein kunne sjå det utanpå, og han som var så nære, han kunne sikker kjenne det, til og med. Det var jo utanpå huda, som eit lag av tynn, usynleg styggedom ein aldri kunne skrubbe vekk. Vart han ikkje lei av det? Kunne han ikkje sjå det? Visste han ikkje?

Teite tankane. Dumme. Men dei kom snikande, akkurat no når det verkeleg ikkje passa. Ikkje no, ikkje med han som var så fin, så roleg, så trygg.

Ho ville han skulle vite, men det var dei orda ho aldri kunne sei. Hemmelege. Ufyselege. Som eit svart hol som saug alt inn i seg.

Varme hender, vandrande, stoppa akkurat der det usynlege laget av styggedom var tjukkast. Kunne han ikkje kjenne at det var oppbrukt? Sjølv under pledd og gjennom kleda, kunne han ikkje kjenne det? At nokon hadde vore der før? Uinvitert. Og kvifor, når han var så varm, kunne ho ikkje kjenne det meir enn akkurat på overflata?

Ryggen mot han på sofaen, pledd over, men likevel så forferdeleg kaldt. Huda hennar var brennande varm, men inni var det kaldt, og inni hovudet sitt hadde ho eit bilete av lunger med rimfrost. For det var slikt det kjentes, ihelfrosen på innsida.

Pust. Inn. Ut. Kvifor var lufta så tjukk og umogeleg å ha med å gjere? Kvifor kjentes brystet plutseleg så stramt? Kvifor kjentes hovudet ut som hundre kilo med svevande luftballongar? Kvifor kjente ho at auga vart så våte?

Ikkje no! Berre ikkje no, saman med han. Ein annan gong, men ikkje no. Ikkje i kveld! Ikkje når han kunne sjå det. Pust. Inn. Ut. Ein gong til. Roleg. Inn. Ut. Enda ein gong. Late som ingenting.

Strigråt. Gjespa etter luft. Kvifor prikka det slik i huda i andletet? Kvifor kjentes armane lamma ut? Kvifor så vondt i hjartet, før det kjentes som det stoppa heilt?

Pust.

– Kva er det som skjer med deg?

Ikkje hjarteinfarkt. Ikkje hjerneslag. Ikkje noko fysisk, ikkje farleg. Men det var vanskeleg å svare når ho ikkje kunne puste. Når ho var på veg inn i eit mørke han ikkje eingong visste om, korleis kunne ho sei det?

Pust. Inn. Ut. Roleg.

Ein gong til.

Følelse i armane. Luft i lungene.

Pust. Inn. Ut. Roleg. Slutt å grine.

– Unnskyld.

Det var jo ikkje meininga å gjere noko slikt her. Ikkje i kveld. Ikkje med han. Men armane var fortsatt rundt ho. Var han ikkje skremt? Vart han ikkje fråstøytt av slike påfunn?

– Unnskyld.
– Hysj. Det går bra.
– Eg veit ikkje kvifor eg skape meg slik.
– Du skaper deg ikkje. Det går bra. Eg er her.
– Det var ikkje meininga.
– Det gjer ingenting.

Varmen breidde seg litt frå huda og innover. Rimfrost i lungene smelta. Våte kjakar vart tørka med eit erme. Skam, for å ha gjort noko så utruleg dumt. For no var han sikkert iallfall lei av ho.

– Ein må ikkje døy for å komme til helvete. Du var der nett no.
– Nei.
– Ikkje? Kva er helvete då?
– Helvete er kvalmt. Og tusen gongar dette.
– Du treng ikkje fortelje om det, men du kan om du vil.
– Nei, eg kan ikkje det.

Stillheit. Berre varm pust i nakken og hender som bevega seg opp og ned armane hennar, som om han visste ho kunne trenge varmen.

Pust. Inn. Ut. Roleg.

Ho snudde hovudet sitt og såg på han igjen. Han var roleg, men såg fortsatt sliten ut. Ikkje sint, ikkje oppgitt, berre sliten og roleg. Var han ikkje skremd? Av ho? Var han ikkje skremd av ho?

– Eg forstår om du ikkje vil ha meg her no.
– Kvifor i allverda skulle eg ikkje det?

Var det ikkje openbart? Visste han ikkje at andre vart livredde for så mykje mindre? Ho la hovudet litt på skakke og såg på han gjennom nesten samanklemte auge.

– Om eg myse kan eg sjå vengjene dine.

Eigenvalue

Siden noen spurte etter dette, på denne måten her: “kan ikke du skrive noe sukkersøtt på nynorsk om gutt og jente som er forelska?”. Og siden jeg er så snill med liksomsøstre på twitter. Og fordi jeg gjør dette på ti minutter på bestilling, så blir det akkurat som det blir. Og sånn som dette er det kanskje å være nitten og forelsket på matnat? Hvem vet…

Ikke klag! Takk.

Å sove saman, for fyrste gong, i eit kollektiv i Ivar Aasens gate. I skittent sengetøy og mellom notatar, klesvask og brukte koppar og fat som ein aldri bar tilbake til kjøkkenet. Å vere berre seg sjølv i mørket, utan klede på, men berre med dyne over og spenning i mellom. Å ikkje få sove heile natta, fordi han er så fin at det nesten ikkje går an.

Førelesning, kvart over åtte på ein tysdags morgon. Lineær algebra og rykande varme kaffikoppar i kalde nevar. Ei skulder å lene seg på, midt mellom matriser og eigenverdiar. Han lukta av den parfymen ho kjøpte til han til jul, og av sjampo, den billege frå Rema. Den beste lukta i verda.

-Eg er så trøytt.
-Sov du ikkje i natt?
-Nei.
-Ikkje eg heller.

Kalde hender, varme smil. Notatblokk utan ein einaste strek eller eit einaste tall, fordi ho vart så opptatt av å holde han i handa under bordet. Fordi ho vart så opptatt av å ha han ved siden av seg at  ho held på sprenge inni seg. Fordi han er så fin at det nesten er vondt.

-Du har så stygg skrift.
-Ja. Vil du skrive av?
-Kanskje seinare.

For akkurat no vart ho opptatt av å sjå på han, ikkje på notatane.

See what I did there with the Ivar Aasens gate and all? Clever, yes? Den er på Høyden. True story. Eigenvalue er en lineær algebra-greie. Dette var litt forhastet.

Mardraum

Det var sånn at Ingri skyldte meg én øl. Jeg drakk mye, mye mer enn det. Dessuten fikk jeg kake. Så, frem til jeg får kjøpt neste runde, se på dette som en slags avbetaling.

Panikken breidde seg, pulsen steig, føtene sprang fortare enn trommestikke. Angst. Slik at pusten vart hemma, slik at kroppen vart nummen. Angst for å døy. Å måtte springe fortare og fortare. Jaga. Blodsmak i munnen. Kjensla av lange kalde fingrar rundt halsen og naken hud mot våt asfalt. Kalde gufs av fortidas løyndomar.

-Shhh, det er berre ein mardraum. Det er ikkje verkeleg.
Sterke armar rundt kroppen, forsiktig risting, varme ord pusta mot nakken. Dyne og ein kjærast rundt kroppen, istaden for gatelys, kalde vegar og regn.
-Det er verkeleg inni meg, sjølv om du ikkje kan sjå det.

Stillheit. Berre lyden av anding og sterke armar rundt brøstet, varme nevar og fingrar som fletta seg saman. Ikkje noko røyrsle, berre lunger som vert fylte av luft og så tømde igjen. Berre ei hand som flytta ei anna nærare eit bankande hjarte under kladsveitt hud. Fordi nokre gongar treng ein ikkje meir enn akkurat det, sjølv om ein treng alt.

-Kan du elske meg, trur du?
Varme ord kviskra mot nakken, mjuke lepper sakte mot huden over pulsåra, sånne merkelege ord.
-Det er det eg gjer akkurat no. Kan du ikkje kjenne det?

Sterke armar så sterkt rundt brystkassa at lungene vert klemd nesten flate. Nasen flattrykt mot gropa der nakke vert rygg, varm anding mot klam hud.

Åh, kjærleik.

Kjærleik er når eg er varm, sjølv om det er så kaldt at det kjem forstrøyk når eg pustar og eg berre har tynne klede på. Eg er varm, brennande inni heile meg, så lenge du held handa mi i di.

Ho lukka auga og vendte andletet opp mot himmelen, krølla tærne i dei altfor store skoa. Det var Joachim sine sko, og ho hadde berre tjuvlånt dei frå loftet. Og sjølv om dei var tynnare enn hennar eigne, og tærne vart blå i dei, så var det dei varmaste skoa ho nokon gong hadde sett føtene sine i. Snøflaka som traff ho på kjakane var ikkje kalde, berre våte. Den kvite skya som kom frå munnen hennar når ho anda var det einaste synlege teiknet på liv.

For der stod ho, kvitkledt i snøen, og tenkte på han. For lenge sidan hadde han nok stått bak ho og haldt rundt ho, men i dag haldt ho berre rundt seg sjølv. Eigne armar ga ikkje heilt den same varmen som andre armar ein gong hadde, men det var betre enn ingenting. Ho trakk pusten ekstra djupt ein gong før ho opna auga. Det var som om ho trengde å manne seg litt opp for å ta opp posen som låg på bakken ved siden av ho.

Ho plukka opp blomane – tulipanar, for dei toler jo litt kulde – og sette dei ned framfor namnet hans. Og så såg ho på det, namnet hans, og tenkte eigentleg berre… Kvar er du no? Du er ikkje her.

I dei altfor store skoa gjekk ho heim att, og tusen kvite snøfnugg datt ned i det svarte håret hennar. Men dei smelta jo etterkvart, for hovudet hennar var varmt, sjølv om ho fraus så heile kroppen rista. Ho lurte litt på om han likte tulipanar, og kvifor dei aldri hadde snakka om blomar. Men det betydde kanskje ikkje noko. Det var kaldt, og ho bestemte seg for å gå innom farmor si, som budde nærare enn ho sjølv.

Inne passa ho på å setje dei altfor store skoa i trappa, så ikkje farmor skulle sjå ho hadde dei på seg. Dei sa alltid at… Dei sa alltid mykje rart når ho hadde på seg kleda hans. Men dei trengde ikkje vite det, ikkje i dag.

Hei, sa ho, og steig inn på kjøkkenet. Farmor var alltid på kjøkkenet.
Hei, er det deg? spurde farmor.
Ja. Det var jo det. Har du kaffi?

Og så fekk ho seg ein stor kopp med kaffi, god sterk kaffi, slik som berre farmor har. I ein enorm kopp, som farmor hadde hatt i sikkert tredve år. Kaffi var jo alltid best slik.  Ho sette seg ned ved kjøkkenbordet, så nært varmeomnen som mogleg, beina i kryss og hendene klistra til kaffikoppen.

Frys du? spurte farmor.
Ja, sa ho. Eg har ikkje vore varm sidan…  Ho såg ned i kaffikoppen. Svart. Eigentleg hadde ho ikkje vore varm sidan dei hadde vore to. Og så sat ho berre der, heilt stille, og drakk kaffi på kjøkkenet til farmor, medan farmor blanda saman ein brøddeig. Og så tenkte ho at berre han kunne ha vore der og holdt handa hennar i si, så hadde ho nok vorte varm att.

(Dette betyr ingenting. Jeg kjenner ingen som har dødd, eller som liker tulipaner. Det var bare at @IngiUtenD ville ha noe på nynorsk, og jeg kom ikke på noe å skrive om.)